Anne Karin Hamre, Valgerd Svarstad Haugland og Jørn Aksel Krog er i statsråd i dag oppnemnd til nye fylkesmenn i høvesvis Sogn og Fjordane, Oslo og Akershus, og Sør-Trøndelag. Svein Ludvigsen er oppnemnd for ein ny åremålsperiode i Troms.
-Eg er svært glad for å kunne oppnemne fire fylkesmenn med brei erfaring og stor kompetanse, og i tillegg få ein markert auke av kvinneandelen blant fylkesmennene, seier fornyings-, administrasjons- og kirkeminister Rigmor Aasrud.
Anne Karin Hamre (45) har vore tilsett hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sidan 1998, dei tre siste åra som assisterande fylkesmann. I perioden 2006 til 2008 var ho administrasjonssjef i embetet.
Hamre har hovudfagseksamen i statsvitskap. Ho har vore journalist i ulike media, dagleg leiar i ei verksemd som dreiv med kompetansemekling til arbeidslivet og undervist ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Hjå Fylkesmannen har ho mellom anna leia fleire prosjekt knytt til organisasjonsutvikling, e-læring og digital forvaltning. Anne Karin Hamre er frå Leikanger, der Fylkesmannen har sitt hovudkontor, men er busett i Sogndal, melder heimesida til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Det var åtte søkjarar til stillinga som fylkesmann i Sogn og Fjordane. Hamre var einaste søkjar ved første gongs utlysing. Etter ny utlysing var det åtte søkjarar til stillinga.
Anne Karin Hamre deltek nett no på ein pressekonferanse i Fornyings- og administrasjonsdepartementet, der statsråd Rigmor Aasrud presenterer dei fire nye fylkesmennene.
Nyhenda om kven som blir ny fylkesmann etter Oddvar Flæte vart kunngjort på eit allmøte for dei tilsette hjå Fylkesmannen i føremiddag. Nyhenda vart motteken med varm applaus.
– Eg gler meg til å jobbe som fylkesmann i landets vakraste fylke, seier Anne Karin Hamre på telefon frå Oslo.