Mykje av diskusjonen i fylkesutvalet dreide seg om kva som er dei best eigna trasevala for dei ulike strekkjene. Her la Senterpartiet og Arbeidarpartiet fram eit felles framlegg til løysingar for dei mest omstridde traseane. Framlegget vart vedteke med 7 røyster.

Framlegget frå SV om at linja bør leggjast som sjøkabel i staden for som luftlinje vart nedstemt mot to røyster.

Fornying

Fylkesutvalet la sterk vekt på at utbygginga må resultera i auka moglegheit til å kopla nye småkraftverk på forsyningsnettet. Politikarane ser det og som ein føresetnad at utbygginga må resultera i ei sanering av eldre linjenett og anlegg.

Senterpartiet og Arbeidarpartiet sette fram slikt framlegg til vedtak:

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune er nøgd med at det no er gjeve konsesjon for 420 kV lina. Vi vil uttrykke von om rask framdrift mot snarast mogeleg ferdigstilling av prosjektet for å kunne sikre stabil og sikker kraftforsyning. Denne linja vil ha nok kapasitet til å satse på utbygging av fornybar energi og utvikle næringslivet i fylket.

2. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil likevel setje fram klage på deler av vedtaket; dette fordi vi meiner nokre traseval og andre forhold bør endrast før endeleg godkjenning frå OED. Dette gjeld følgjande forhold:

a) Sogndal kommune: Her må vegframføring til Skarsbøfjellet skje frå Bondeviki og gjennom Øvstedalen. Dette vil gje størst samfunnsnytte. Vidare ynskjer vi at ein tek omsyn til Sogndal kommune sitt synspunkt m.o.t til regionalnett-tilknytning, jmfr Sogndal formannskap sitt vedtak i sak 40/09 den 25.06.09

b) Gaular kommune: Her vil fylkesutvalet på det sterkaste tilrå at trase 1.24 blir valt. Dette fordi denne traseen kjem i berøring med færrast personar både i Gaular og Førde, og ein unngår å kome i konflikt med Nasjonal Turistveg. Linja må ikkje gå ned i dalbotnen ved kryssing av Viksdalsvatnet og det må gjennomførast avbøtande tiltak ved Viksdalsvatnet, Vågsdalen og Åsane.

c) Førde/Jølster/Naustdal kommunar: Fylkesutvalet kan ikkje utan vidare aksepter tilrådd linjeføring frå Moskog og vidare nordover i gjennom kommunane Førde og Naustdal. Vedtak i Naustdal og Førde kommune peikar på alternativ linjeføring som vert vurdert som betre enn den tilrådde. Her er det vanskeleg avvegingar mellom trasealternativ. Vi ber om at NVE/OED legg til rette for ein prosess med berørte kommunar og det vert vurdert justering av trasear/alternative trasear og avbøtande tiltak gjennom val av materiell.

d) Flora kommune: Gjennom Eikefjord bør lina trekkast ned i lia slik at ho ikkje blir synleg i siluett i same grad som no. Vidare bør en velje ei anna framføring forbi Haukånipa, jmfr vedtak i planutvalet i Flora den 25.06.09. Ved Humlestølen må det gjennomførast avbøtande tiltak for å skjerme busetnad og eit attraktivt utfartsområde.

f) Bremanger kommune: Gjennom Førsdalen bør lina leggast oppe i dalsida på sørsida av dalen slik at den trange dalbotnen ikkje blir dominert av lina. Vidare bør trafostasjonen leggast nede ved sjøen i samsvar med grunneigarane sitt ynskje og i tråd med Bremanger kommune sitt innspel.

g) Eid kommune: Fylkesutvalet støttar Eid kommunestyre sitt vedtak om at lina blir ført fram frå Fureneset til Vedviknipa på nordsida av Hornindalsvatnet langs trase 1.47 med tilknytning til 1.0 vidare nordover.

3. Fylkesutvalet krev at Elkem Bremanger også etter utbygginga blir sikra tilkobling til sentralnettet som no. Utviklinga av industrien i Bremanger er heilt avhengig av dette.

4. Fylkesutvalet ber om at det i samband med utbygginga må leggast opp til ei sterkast mogeleg sanering av eldre linjenett og anlegg, og framtidig full sanering av trafoanlegg i Fardal

5. Fylkesutvalet ber om at det vert gjeve kompensasjon for skader og ulemper i samsvar med krav frå kommunar og grunneigarar.”