Angrar mørklegginga

Artikkelen er over 15 år gammel

FLORØ: Fire månader etter at politikarane vedtok å skru av gatelysa i Bremanger, angrar no ordførar Kåre Olav Svarstad på heile vedtaket.

DEL

31. januar i år melde Firdaposten at Bremanger kommune sine folkevalde ville få eit forslag på bordet frå administrasjonen om å spare pengar ved å sløkkje gatelysa frå 1. april og på ubestemt tid. Etter at avisa slo saka stort opp, kom Bremanger-lensmannen på bana med sterke frårådingar til politikarane. Det gjorde han blant anna med omsyn til tryggleiken.

Tek sjølvkritikk

Korkje avisa eller lensmannen sine innvendingar blei tekne til følgje, og politikarane vedtok i eit seinare møte å skru av gatelysa. No tek ordførar Svarstad sjølvkritikk på lysesløkkinga. I eit ope brev til publikum på Bremanger kommune sine nettsider, seier han seg glad for at det går mot lysare tider, med tanke på at gatelysa vart avstengt 1. april.

Vil vurdere på nytt

Vidare skriv han: "Dette vart gjort ut frå ei prioritering sett opp mot kva som ramma innbyggarane minst mogeleg. Ut frå dei reaksjonar som er kome til ordførar, og sett opp mot sikkerheit for å ferdast ute i mørke kan det synast som dette var ei feil prioritering. Vi veit at sparing også kan skje ved å nytte andre lysarmatur og nye lyskilder, ei halvering av strømforbruket kan truleg oppnåast. Det er derfor rett og rimeleg at saka vert vurdert på nytt og at politikarane eventuelt kan tidfeste påslåing av gatelysa igjen."

Artikkeltags