Amfi-utbygginga er i gong

TRAPPER NED: Arbeidet med å gjere klart for riving og utbygging av Amfi starta opp fredag føremiddag.

TRAPPER NED: Arbeidet med å gjere klart for riving og utbygging av Amfi starta opp fredag føremiddag. Foto:

Fredag starta så smått arbeidet med å bygge om og ruste opp Amfi. Frå måndag blir inngangen på nordsida stengt.

DEL

Det er berre snaue to veker sidan Firdaposten melde at Amfi-utbygginga berre var nokre få veker unna, og fredag starta dei altså så smått med å gjere klart til det omfattande arbeidet som skal gjerast. Når Firdaposten var nedom for å ta ein titt var det komne på plass nokre brakkeriggar, og eit par mann var i gong med å rive trappa i hjørnet mot nordvest.

Det er entreprenør Åsen & Øverlid som har fått anbodet på bygginga på det kring 3500 kvadratmeter store prosjektet som vil utvide Amfi mot Slakteriet i nord.

Førstkommande måndag vil Amfi stenge inngang nord for klargjering til riving. Kundane må då gå inn gjennom inngangen i sør mot Jens Helmers Plass og Samfunnshuset.

Parkering kan bli ein utfordring i anleggsperioden, men Jens Helmers Plass og parkeringsplassane mot sjøen, vest for Amfi kan brukast. På nordsida vil det bli sette opp sperringar, men forhåpentlegvis vil ikkje heile plassen bli stengt, heile tida. Det vil bli sette opp skilting og sperringar slik at kundane har noko å rette seg etter, skriv Amfi på si Facebook-side.

Artikkeltags