Vil styrke sin livreddande kompetanse, men til det treng dei di hjelp

INNSAMLING: Helene Lønne har sett i gang innsamlingsaksjon for å få ny avansert hjarte-lungerednignsdokke til ambulansetenesta i Florø. Den gamle er ikkje brukande lenger. her er ho med dokka og Geir Sagevik til venstre.

INNSAMLING: Helene Lønne har sett i gang innsamlingsaksjon for å få ny avansert hjarte-lungerednignsdokke til ambulansetenesta i Florø. Den gamle er ikkje brukande lenger. her er ho med dokka og Geir Sagevik til venstre. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Ambulansetenesta samlar inn pengar til ny AHLR-dokke.

DEL

Helene Lønne i ambulansetenesta i Flora kommune har sett i gang ein storstilt innsamlingsaksjon for å få på plass ei ny avansert hjarte- og lungeredningsdokke til kommunen. For livet står dessverre ikkje til å redde på dokka dei har i dag. Den ber preg av at ambulansemannskap har øvt livreddande førstehjelp på den i årevis: Verken hals, hovud eller bein heng fast på kroppen, og det avanserte innhaldet fungerer ikkje lenger som det skal. Ei ny slik dokke kostar 100.000 kroner.

Viktig kompetanse

– For å halde kompetansen vår innan avansert hjarte- og lungeredning ved like, trener vi regelmessig. Repetisjon og trening er veldig viktig for oss, og til mange av dei prosedyrane vi trener på treng vi utstyr som fungerer. Det er også viktig at treninga blir så realistisk som mogleg. Dokka som vi nyttar i dag er både for øydelagt og utdatert til å hjelpe oss optimalt, og det hadde betydd mykje å få ei ny på plass, seier Lønne.

Helse Førde har per i dag ikkje budsjett til å betale 100.000 kroner for ei ny slik dokke til ambulansetenesta i Florø. Den eine dokka Helse Førde har, går i dag på omgang rundt om i fylket. Det er dermed ikkje sagt at alle dei 27 fast tilsette i Florø som går vakter i ambulansetenesta her er på jobb når dokka er her.

– Dermed blir det tilfeldig kven som får øvt på den mest avanserte dokka, seier Lønne.

Kjem fleire til gode

Men ei slik dokke hadde ikkje berre komme ambulansetenesta til gode, presiserer Lønne:

– Dette er noko alle naudetatane i Flora, i tillegg til alle dei andre her på Sunnfjord Medisinske Senter og heimetenesta, vil få glede av. Ein gong i månaden øver vi saman med legesenteret på SMS, seier Lønne.

Men det at ambulansetenesta i dag berre har ei øydelagt hjarte- og lungeredningsdokke å øve på, utgjer ingen helsefare for pasientane.

– Nei, på ingen måte. Men vi vil vere så gode som mogleg, og ei ny slik dokke vil berre gjere oss endå betre på noko vi allereie er gode på, strekar Lønne under.

Allereie har Sparebanken Sogn og Fjordane gått inn med 5000 kroner, og dei oppfordrar andre bedrifter og privatpersonar om å gje til føremålet. Om du ønsker å gje pengar til ei ny slik dokke, er kontonummeret 3705.38.46514

SLITE: Den gamle avanserte hjarte-lungeredningsdokka til ambulansetenesta i Florø er mildt sagt sliten. Hovudet heng ikkje på kroppen, det gjer for så vidt ikkje beina eller armane heller.

SLITE: Den gamle avanserte hjarte-lungeredningsdokka til ambulansetenesta i Florø er mildt sagt sliten. Hovudet heng ikkje på kroppen, det gjer for så vidt ikkje beina eller armane heller.

Artikkeltags