Laurdag var 40 personar møtt opp til den offisielle opninga av Trimbua.

Aktivitetane til styrkegruppa og Trimbua er no slått saman. Dei vil ha felles medlemskap og lokalisering i dei gamle Inspire-lokala.

Under opninga var det gitt informasjon om det nye treningstilbodet dei no kan tilby etter samanslåinga. I løpet av opninga fekk Trimbua 15 nye medlemmer som ikkje hadde vore registrert i nokon av gruppene tidlegare.

Kundane strøymer på

André Høyset, som er styreleiar i friidrettsgruppa til Eikefjord Idrettslag, fortel at responsen har vore bra etter opninga.

– Vi er sjølvsagt nøgd med at opp mot 40 personar møtte opp. Vi fekk 15 nye medlemmer laurdag og det tikkar stadig fleire som ringer og melder seg inn, fortel Høyset.

Alt i eitt

Tidlegare har styrkegruppa og Trimbua halde til i separate lokale med eigne medlemsavgifter, men no har dei fått samla alt under ein paraply.

– Vi har no fått samla alt inn under friidrettsgruppa til Eikefjord Idrettslag, som gjer det lettare for brukarane. Bygda har fått eit nytt og betre treningstilbod. Ein finn alle apparata ein kan forvente å finne, seier Høyset.

Han fortel at på sikt ønsker Trimbua å utvide med eit større utval av apparat.

– Vi kan no tilby frivekter, fleire apparat, spinning, sirkeltrening, pilates, yoga med meir. På sikt ønsker vi å utvide med enda fleire apparat. Men det viktigaste no er at vi har fått samla alt slik at ein kan betale ei treningsavgift, framfor å betale spreidd utover dei forskjellige gruppene, avsluttar Høyset.