For tredje gong i løpet av kort tid, har avfallskonteinarar langs vegane i fylket blitt fylt opp av slakteavfall. No går politiet ut med ei klar oppmoding om at jegerane må bli kvitt avfallet sitt etter jakt på andre måtar.
Tre gonger i Ålfoten
Ifølgje politiet si twittermelding er det langs fylkesveg 651 i Stigedalen/Ålfoten i Bremanger, at problemet verkar å gjenta seg no i haust. Nyleg var ein søppeldunk som er berekna på avfall frå vegreisande, smekk full av slakterestar og beingrinder. Tidlegare har rasteplassar langs Riksveg 5 ved Klavelandet hatt liknande problem. Der har jegerar dumpa slakteavfall i skråninga ned mot sjøen, noko som har ført til dårleg lukt og svermar av insekt rundt rasteplassen.
- Dette er IKKJE rette plassen å kvitte seg med slikt avfall. Her må jegerane ta ansvar og finne andre løysningar, slår politiet fast.
Frå kjøtskjering, ikkje utvomming
I dei fleste tilfella vil innvollar og vom bli lagt att av jegerane i skogen, aller helst etter å ha blitt gravd ned eller fjerna frå område der ein forventar at andre naturbrukarar kan bli sjenert av det. Vanlegvis skapar ikkje dette noko problem. Men avfallsproblemet det her er snakk om,oppstår når eit ferdig slakt blir skore ned og beina ut. For ein middels stor hjort kan det fort vere snakk om 10-15 kilo beinrestar, som etter nedskjeringa blir eit problem for jegerens eigen søppeldunkt. Det er truleg i slike tilfelle at enkelte "tek ein spansk ein", og dumpar avfallet på plassar det ikkje høyrer heime.
Har eit rykte å ta vare på
Det likar leiar i Norges Jeger og Fiskerforbund si fylkesavdeling, Alf Erik Røyrvik, dårleg. I vissheit om at norsk jakt har ein aksept i befolkninga på over 70 prosent - og at det er eit mål å halde den der, seier han følgjande:
- Det er viktig at vi jegerar tek vare på ryktet vårt i samfunnet. men då må vi følgje regelverket og unngå å gjere ting som sjenerer andre. Slakteavfall kan både lukte og sjå ufint ut, og vi må sørge for å kvitte oss med det på ein skikkeleg måte. Mitt råd er å kontakte det lokale renovasjonsselskapet i kommunen der du bur, og høyre med dei kvar og korleis ein kan levere avfallet, seier Røyrvik til Firdaposten.