Gå til sidens hovedinnhold

Ålfotbreen minkar

Artikkelen er over 18 år gammel

FLORØ: – Det er veldig lite snø i fjellet i år. Ålfotbreen er utan samanlikning den minste eg har sett sidan eg tok til å gå der på 1960-talet, fortel Arne Grov.

Han var sist onsdag oppe via Blåbrebu med sju–åtte turistar frå turen med "Atløy" denne veka.

– Eg trur det må vere veldig lenge sidan breen har vore så langt tilbaketrekt som i år, seier Grov, og legg til:

– På vestre kanten ligg der store område med laus stein som no er smelta fram. Eg tykte nesten det var stygt å sjå denne steinrøysa der breen før låg mellom varde fem og vardane på 1310 meter. Du ser det same når du kjem opp på brekanten frå vest, seier han.

Det spesielle er den store avsmeltinga så tidleg på året.

– Vi er berre i månadsskiftet juli/august, og den største synlege avsmeltinga plar vi få frå no og utover til vi får ny snø, seier Grov.

Han trur at heile den vestre delen av Ålfotbreen kjem til å forsvinne dersom det varme og relativt nedbørsfattige veret skulle fortsette i lengre tid.

Turen gjekk i roleg tempo; 12 timar frå Grøndalen og attende, med mat og kvilepausar. Dei som var med likte seg, sjølv om det vart litt småregn utover dagen,

– Det einaste var at dei vart litt skuffa over at det ikkje var meir bre å gå på. Vi gjekk berre inn til vardane på 1310 meter. Det er den vanlege ruta, og meir rakk vi ikkje. Skal ein inn på hovudbreen i vanleg turgange, treng ein overnatting, legg han til.