- Aldri opplevd maken

Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

FLORØ: Interessa for t-skjorter med Fylkesbaatane sitt gamle flaggmerke på var rett og slett ekstrem under Fjordsteam, seier Stein Kvalsund.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Han stod på Torget i Florø det meste av laurdagen og selde Fjordsteam-effektar. 200 t- skjorter med Fylkesbaatane-merket på, var utselde på ein augneblink.

- Hadde vi hatt fleire på lager og fleire storleikar kunne vi ha selt unna det doble. Heile skjortelageret var borte før klokka eitt, fortel Kvalsund.

- Langt ut på dagen kom der folk og spurde om vi hadde fleire slike skjorter, fortel Kvalsund, som stod på standen heilt fram til klokka 16.

- Her kom kundar og kjøpte fire stykke i slengen. Ei skulle dei ha til kvardags, ei anna til fest. Eit slikt engasjement for eit symbol har Kvalsund aldri opplevd før.

– Det var rett og slett kjempegøy å stå på standen og høyre på historiene folk hadde å fortelje. For dei meir yngre er flaggmerket nesten vorte eit moteplagg og eit kultobjekt, trur Kvalsund.

Det er tydeleg at symbolet har skapt stort engasjement. og sjeldan har vel nokon før sett så mange gått rundt i byen med same t-skjorta på.

– Er du sikker på at du selde ei vare som var lovleg?

– Det går eg ut frå har vore sjekka ut med dei som har rettane til merket, svarer Kvalsund.

Artikkeltags