Gå til sidens hovedinnhold

Aldri jul utan Pegasus

Artikkelen er over 15 år gammel

FLORØ: Romjul etter romjul trekkjer Florø/Svelgen-bandet Pegasus fulle hus på Haavebua, og i år var ikkje noko unntak. Dei lokale musikarane serverte ein hitparade av dei sjeldne.

Rockeklubben sin årlege tradisjon med Pegasus- konsert 2. juledag er ein garantert suksess, og det lokale bandet har drege fullt hus og hatt utsolgte konsertar mange år på rad. Med sin hitparade frå 80- og 90-tallet, frå DeLillos og Dum Dum Boys, via svensk ballade, rock n' roll og funk og heilt til afrikansk tradisjonsinspirert populærmusikk, leverte dei nøyaktig det publikum ville ha og endå litt til. Dansegolvet var fullt frå første akkord, og det villige konsertpublikummet fekk trimma av seg dårleg samvit, ribbefeitt og julekaker. For dei som ikkje lot seg freiste av dansegolvet, var det uansett vanskeleg å hindre den rytmiske rykkinga i rockefoten. Høg partyfaktor, høg kvalitet på prestasjonane og høg stemning og sjarmfaktor på scena gjorde sitt til å spikre kvelden som ein stor suksess.

På førehand hadde Tor Hjalte lova stinn, sveitt brakke og kjempestemning, og forsikra om at å kjøpe seg billett til den heseblesande hitparaden var det mest fornuftige ein kunne gjere i jula.

Fleire hundre tok han på ordet, og feststemte konsertgjestar og eit like oppstemt band skapte saman ein elektrisk partystemning måndag kveld. Berre synd for dei som ikkje fekk seg billett, men dei får prøve att neste romjul. Det er verdt kvar ei krone.

Allereie fredag er det mogleg å høyre meir av det populære coverbandet. Då vert det Pegasus-konsert i Svelgen samfunnshus.