Gå til sidens hovedinnhold

75 datamaskiner forsvann

Artikkelen er over 13 år gammel

Innbrot på Svelgen skule.

På åstaden no

75 bærbare datamaskinar vart stole frå Svelgen skule i natt.

Politietterforskar Strandos er på skulen for å undersøke åstaden no.

Det var ein lærar som låste seg inn på skulen i dag oppdaga at skapa der datamaskinene var låst inn var brotne opp. Politiet fekk melding om innbrotet om lag klokka to i dag.

Flaks for tjuvane

- Tjuvane kan ha hatt flaks. Vi har overvåkingskamera ved alle inngangar på skulen, men grunna omlegging av datasystemet kan dette ha vore slått av akkurat i natt, fortel drivtsleiar ved skulen, Kåre Myklebust.

Dette er blandt tinga politiet jobbar for å finne ut no.

Maskinene har tilsaman ein verdi på over 600.000 kroner, i følgje Myklebust.

Han trur at tjuvane har teke seg inn eit vindauge på arbeidsrommet. Han fortel òg at alle maskinene har nummer og eigarnamn innbrent, noko som truleg vil gjere dei umogeleg å omsetje i Norge.

Politiet har ingen mistenkte ennå og har ennå ikkje fått inn tips. Operasjonsleiar Einar Vereide oppfordrar dei som kan bidra om å ta kontakt snarast.