Desse to strålar over ny Draumeplass - og det kjem også ein i Bremanger

Kjersti Olsaker og Siri Sunde, Askrova

Kjersti Olsaker og Siri Sunde, Askrova

FRILUFTSLIV: I Bremanger er det Dalen og i Flora er det Askrova.

DEL

Det er 4H som melder at fem nye plassar er plukka ut i årets runde av "Draumeplassen": Dalen i Bremanger, Askrova, Oppstryn, Innvik og Borgundvåg på Stadtlandet.

– Dette er over all forventing! Vi er kjempeglade for at fleire skal få ta del i Askrova som er vår Draumeplass, og sjå alt vi har å by på her ute. Askrova blir kalla den grøne smaragd, fordi vi har ein flott natur med enorm variasjon, som gjer dette til ein perfekt stad å lage ein naturmøteplass. Difor er vi ekstra takksame for at vi får denne moglegheita av 4H Sogn og Fjordane og Gjensidigestiftinga, strålar Siri Sunde og Kjersti Olsaker i Askrova Bygdelag.

4H Sogn og Fjordane står bak konkurransen som starta i 2015, og som framleis er støtta av Gjensidigestiftinga. Det var komme inn 17 søknadar til fylket i år, då fristen var ute 15. mai.

– Draumeplassen engasjerer til meir friluftsliv i nærnaturen for mange. Born og unge skal vere aktive i heile prosessen, og vi vektlegg skildringar som viser omtanke for naturen, seier Roger Eide, prosjektleiar i 4H Sogn og Fjordane.

Han gler seg til å følge vinnarane frå livleg draum, gjennom læring og meistring i byggjeprosessen, og heilt til samling kring grua på ferdigbygd Draumeplass.

– Dette er feltbasar i nærmiljøet som blir spesielt viktige formidlingsarenaer i tida framover. Her styrkjer vi kunnskapen, haldningane, kulturen og viljen hos oss alle – til å vakne skikkeleg opp, gå i gong med å tenke berekraftig og ta meir vare på naturen ikring oss, erklærer Eide.

Dette var altså fjerde gongen at Draumeplassen vart utlyst, og Eide peikar på at utan Gjensidigestiftinga hadde ikkje konkurransen vore mogleg.

– Eg vil takke Gjensidigestiftelsen hjarteleg for støtta som gjer dette mogleg, spesielt sidan stiftinga valte å støtte heile fire fylke med årets Draumeplassen-konkurranse.

Artikkeltags