Gå til sidens hovedinnhold

4. plass til Svelgen

Artikkelen er over 12 år gammel

Etter ein tett og hard landsfinale mot Noregs 15 beste Hjelpekorps, greidde laget frå Svelgen ein strålande fjerdeplass.

- Vi var nest sist i fjor, så dette er ein kjemperevansj. Vi har vist styrke, seier Leo Cirotzki frå Svelgen.

Etter nattorienteringa låg Svelgen på åttandeplass. Sterke førstehjelpsprestasjonar i ringløypa neste dag, gjorde at laget avanserte til fjerdeplass, og var nærast i kontakt med 3. plassen før alle prøver var avlagde.

Dette er det nest beste resultatet Sogn og Fjordane har levert. Det beste er ein tredjeplass for to år sidan. Då også var det Svelgen som representerte fylket, noko laget har gjort fem gonger. Her heime har Svelgen såleis dominert i denne konkurranseforma dei siste åra, sjølv om lag som Jølster nærmar seg ein plass i NM.

Konkurransen byrja fredag kveld orientering i stummande mørke. Det var ei svært krevjande løype, som var lagt ut av NM-arrangørane i orientering. Svelgen brukte drøye fem timar på 15 postar og to oppgåver undervegs.

Ringløypa består av ti postar, der laget skal raskt inn og redde livet til folk i ulike scenario. Det første som møtte laget frå Svelgen, var ei trafikkulykke med fire hardt skadde ungdomar. Vidare fekk dei mellom anna bryne seg på ei arbeidsulykke på eit lager, redde nesten drukna folk opp av fjorden, ta seg av sterkt brannskadde under eksplosjonsfare, hjelpe folk med hjarteproblem på eit kjøpesenter, prioritere sterkt skadde pasientar på bårer og syne korleis dei takla å leie ein større skadestad.

Sjølv om Norgesmeisterskapen er alvorleg nok for deltakarane, er konkurransen mest motivasjon og læringsarena for å bli enno betre i verkelege situasjonar. Til no i år har landets 330 Hjelpekorps delteke på over 750 aksjonar, 44 berre i Sogn og Fjordane. Mange av desse oppdraga er av livreddande karakter. Å trene og konkurrere er difor heilt avgjerande for vår evne til å stille opp når menneske i nød treng vår assistanse.

REF: Henning A. Hellebust, Sogn og Fjordane Røde Kors