Selma og Frida seier nei takk til plastpremiar på 17. mai

PÅ LAG MED MILJØET PÅ 17. MAI: Selma Bjerk Austbø og Frida Husefest Nygård har eit sterkt miljøengasjement. No vil dei ha slutt på «plastic fantastic» 17. mai-feiring. - Plastpremiar er ut - og neste år bør det vere slutt på dei, seier dei to tiåringane.

PÅ LAG MED MILJØET PÅ 17. MAI: Selma Bjerk Austbø og Frida Husefest Nygård har eit sterkt miljøengasjement. No vil dei ha slutt på «plastic fantastic» 17. mai-feiring. - Plastpremiar er ut - og neste år bør det vere slutt på dei, seier dei to tiåringane. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

For Selma Bjerk Austbø (10) og Frida Husefest Nygård (9) er det ikkje lenger nok å rydde plast i naturen. No vil dei førebygge også. Og kva er betre enn å starte på sjølvaste nasjonaldagen?

DEL

- Vi kan ikkje fortsette slik. Vi må forandre ting. For eksempel, no på 17. mai gler vi oss til alle leikane på skuleplassen, der vi heilt sikkert får premiar. Og dei er nesten heilt sikkert i plast. Og mange ungar leiker litt med dei og slenger dei frå seg, det ser vi dagen etterpå.  Det er ikkje bra, seier Selma B. Austbø, og får alvorlege nikk frå Frida.

No tel dei to florøjentene som går i klasse 4A på knappane om dei i det heile tatt vil ta imot slike premiar.

Ut med plast, inn med tre

- Vi må i alle fall sikre oss at dei ikkje blir liggande igjen på gata. Då hamnar dei fort ute i naturen. Og det går an å lage små fine premiar som ikkje er i plast. Når vi hoppar hoppetau, så har eg sett tau som er laga av ordentleg tau, og med trehandtak, seier Frida.

Dei to jentene har full oversikt over søkjelyset som er sett over heile verda når det gjeld plast som kveler verdshava våre.

Eg synest dei vaksne burde ha tenkt på dette, og ikkje kjøpe inn billige plastpremiar til oss ungane på 17. mai.

Selma Bjerk Austbø og Frida Husefest Nygård, elevar i 4A ved Flora barneskole.

- Det starta med den norske kvalen. Og plast i fisk også. Men det er likt over heile verda. Vi har begge hytte på Askrova, og vi har vore med å plukke plast i fjæra. Vi fann mykje. Kjempemykje, seier dei to jentene.

- Kva kan vi gjere for at det skal bli betre?

- Vi kan velge å ikkje kjøpe ting i plast. Eller få premiar i plast. Og den plasten vi har, må vi ha i plastbosset. Ikkje berre slenge det frå oss, seier Selma.

- Eg har lest at om vi ikkje endrar på ting, er det snart meir plast enn fisk i havet. Det er skummelt, seier Frida.

Dei vaksne burde kanskje tenkt..?

No er det ikkje mange dagar att til 17. mai, og dei som har ansvaret for barneleikane og premieringa ved Florø barneskole og andre av kommunens skular, er kanskje komne for langt i førebuingane til å endre miljøprofilen i opplegga sine.

- Dei vaksne burde vel eigentleg tenkt på dette? Men til neste år! Då må ikkje foreldra kjøpe inn plastdingsar i premiar til oss ungane, er den klare beskjeden frå dei to fjerdeklassingane.

Artikkeltags