Initiativtakarane Joar Åreøn og Øyvind Grindheim fortel at dei allerede etter fjorårets stafett bestemte seg for å delta også i år, og starta tidleg med førebuingane.

Ein gong i veke har laget trena i Svelgen Idrettshall for å kunne forbedre tida og plasseringa frå i fjor.

- Vi er godt nøgde med årets stafett, vi enda til slutt som nr 65, 12 plassar betre enn i fjor. Kjetil Nistad gjorde ei svært god etappe opp til Besserud, og Geir Myklebust forsatte å plukke løparar på neste etappe. Må også nemne Dag Ove Stubhaug sin innsats på den lengste etappa på 2490 m. Vi er jo med mest for moro, men når vi får pinnen, så kjem konkurranseinstinktet fram. Vi konkurrerte mot tidene vi hadde i fjor og alle ville forbetre den med nokre sekundar. Og no gledar vi oss berre til neste år, fortel Øyvind Grindheim.