1000 song shanty's på Torget

ALLSONG: Med store plakatar som synte refrenget var Florøfolket med på notane. Foto: Dag Nesbø Frøyen

ALLSONG: Med store plakatar som synte refrenget var Florøfolket med på notane. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Artikkelen er over 10 år gammel

Med låg sol og 1000 jublande menneske samla på torget, fekk Florø ein perfekt start på jubileumshelga. - Det er godt å vere i gang, fortalde jubileumsgeneral Edvin Helgheim blant smilande Florøværingar i alle aldrar.

DEL

Helgheim kunne fortelle at jubileet har vore planlagt i 2 år. Og sjølve festen i byjubileet starta i det Florø sin eigen Galeas, Svanhild, seig inn Florøvika med ein gjeng festlege Stordabuer ombord. Vestlandsrevyen sende direkte frå seilskutefesten og ved kai var det sett opp telt. Her vart det servert forfriskningar, sild og betasuppe til hundrevis av folk i jubileumsstemning. Det var sjølvsagt open skute for dei som ville ombord i den stolte Florø-skuta.

Innfridde

Storm Weather Shanty Choir gjorde heller ikkje skam på sitt gode rykte som live-band. Dei mønstra av skuta spelte for over 1000 tilhøyrarar i alle aldrar på torget. Dei fekk jamvel skubba unna den trauste Sunnfjordingen i publikum og lokka fram den festlege Florøværingen med allsang og trampeklapp.

Allsong

Litt opplæring i ramsalt sjømannsviser tok dei romslege Stordabuene seg tid til. Dei viste store plakatar med refrenga til songane for publikum. Men på avslutningsnummeret "Drunkin sailor" var publikum med utan støtte. Ut frå responsen skulle vi tru mange av dei 1000 på torget nok ville sikre seg ein billett til Haavebua og oppleve Shanty gjengen i meir intime omgjevnader laurdagen.

Artikkeltags