100 millionar til IKT-tiltak i tiltakspakken

Heidi Grande Røys deltek på pressekonferanse i Sogndal

Heidi Grande Røys deltek på pressekonferanse i Sogndal Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Regjeringa foreslår i tiltakspakka som skal motverke stigande arbeidsløyse å setje i gong ulike IKT-prosjekt for til saman 100 millionar kroner.

DEL

Det blir innført ei ny tilskotsordning for digital fornying i kommunesektoren og det blir gjennomført fleire IKT-tiltak på justissektoren.

- IKT-næringa blir også ramma av dei urolege tidene vi no opplever. Frå regjeringa si side har vi derfor vore opptekne av å setje i verk tiltak som kan motverke aukande arbeidsløyse også for denne viktige næringa. Store offentlege IKT-prosjekt er allereie i gong som følgje av det opphavlege statsbudsjettet som blei vedteken før jul. I denne tiltakspakka kjem ytterlegare 100 millionar som vil hjelpe positivt for IKT-næringa, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

IKT-tiltaka i tiltakspakka er knytt til følgjande aktivitetar:

* 60 millionar til ny tilskotsordning som skal fremje digital fornying i kommunane.

* 10 millionar kronar til innkjøp av videokonferanseutstyr i domstolane.

* 20 millionar kronar til innkjøp av videokonferanseutstyr og IKT-tiltak i kriminalomsorga, medrekna å utvide ordninga med internett for innsette i fengselsundervisninga til fleire fengsel, samt å starte eit pilotprosjekt ved Halden fengsel for innføring av IKT-basert kartleggingsverkty og styringsinformasjonssystem.

* 10 millionar kronar til digitalisering av pantedokument.

Elektroniske reseptar

Desse nye satsingane kjem i tillegg til satsingar på digital fornying i statsbudsjettet for inneverande år. Dette gjeld blant anna utvikling av ei felles elektronisk ID i 2009 (80 millionar), innføring av elektroniske reseptar i helsesektoren, ”eReseptar”, (55 millionar) og vidareutvikling av Altinn (208,4 millionar kronar).

Digital fornying i kommunane

I tiltakspakka blir det foreslått at det blir løyvt 60 millionar kronar til ei mellombels tilskotsordning for digital fornying i kommunane. Formålet er å utvikle nye elektroniske tenester i kommunesektoren samt å motverke nedgangstider i IKT-bransjen.

- Midlane skal gå til konkrete prosjekt i kommunane som skal utvikle fleire og betre elektroniske tenester for innbyggjarane sine og for næringslivet, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Artikkeltags