100 000 til Sørstrand

Magne Hovland, ei av eldsjelene bak strandprosjektet på Sørstrand. Arkivfoto

Magne Hovland, ei av eldsjelene bak strandprosjektet på Sørstrand. Arkivfoto Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Politikarane løyver pengar til den nye badestranda.

DEL

Det nye familiebadet på Sørstrand får 100 000 kroner i støtte frå Flora bystyre.

Det vart klart etter bystyremøtet tysdag.

Det var Ap-gruppa med støtte frå Venstre, Sp, KrF og Flora Demokratisk Solidaritet som føreslo å ta halvparten av dei pengane som er sette av i budsjettet til planar for eit nytt miljøanlegg i området, og i staden gje pengane til sand og støtte til det praktiske arbeidet med å realisere badestranda.

– Det er utruleg kva dei frivillige har gjort, sa Åge Larsen i Ap, og fekk full støtte frå heile bystyret.

Artikkeltags