Toget tok ny rute slik at bebuarane kunne vinke frå balkongane

Artikkelen er over 1 år gammel

Dei 70 som marsjerte i 1. mai-toget i Svelgen i dag, tok ei ny rute. Toget gjekk forbi det nye omsorgssenteret, slik at bebuarane fekk vere med på markeringa.

DEL

Under markeringa av 1. mai i Svelgen var det kring 70 som stilte seg bak hovudparolen «forby bemanningsbyrå», etterfølgt av «Nei til løsarbeidersamfunnet». Dei siste åra har det vore større innhenting av bemanningsbyrå for å fylle stillinga og mellombelse tilsettingar nasjonalt – Ei sak som fekk verksemd landet over. Fjorårets hovudparole «nei til tvangssamanslåing» gav kjempeoppslutnad i Svelgen, då moglegheita for tvangssamanslåinga med nabokommunane hang faretruande i lufta.

Toget ei ny rute i år, der dei marsjerte nedanfor omsorgssenteret slik at bebuarane kunne få med seg toget frå balkongane. Etter toget var det fullt under samlinga på samfunnshuset.

Artikkeltags