Køyrde av garde i forbanning og krasja to gonger

Av

Ein mann i slutten av trettiåra sette seg inn i ein bil og krasja to gonger før politiet fekk stogga han.

DEL

– Det var to krasj på kort tid. Heldigvis vart ingen personar skadde, seier Bjarte Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Firda.

Mannen er mistenkt for å ha køyrt i rusa tilstand, skriv firda.no.

Midt i Førde sentrum

Politiet i Førde vart varsla like før klokka halv eitt natt til søndag. Hendinga skjedde i området ved Scandic Sunnfjord Hotell, midt i Førde sentrum.

Det var i samband med såkalla ordensforstyrring at mannen bestemte seg for å køyre av garde, etter at han hadde kome i klammeri med andre i området ved hotellet.

Det var altså ei gedigen feilvurdering.

Rebnord kan ikkje seie sikkert om mannen køyrde inn i to ulike bilar, eller om det var to krasj i same bil.

– Kan ikkje skulde alt på julebordet

Artikkeltags