Mann i 80-åra omkom etter båtvelt i Vågsøy

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Alle naudetane rykte ut til Totland i Vågsøy etter melding om båtvelt måndag ettermiddag.

DEL

Klokka 15.20 fekk Vest politidistrikt melding om at ein båt hadde velta og at ein person var hamna i sjøen ved Storøya ved Totland i Vågsøy.

Redningsmannskap, politi, dykkarar frå brannvesenet og eit helikopter starta søk i sjøen.

– Vi har kontroll på båten, men ikkje personen, sa operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt til Firda litt før klokka 16.00.

Klokka 16.04 melde politiet at det var gjort funn av ein mann i sjøen. Vedkommande vart heisa om bord i helikopter og flogen til Førde sentralsjukehus.

Klokka 19.00 melder Vest politidistrikt at mannen er omkommen.

– Ca. 15.20 observerte vitne at avdøde sin båt låg med kjølen opp i fjorden utanfor Totland. Det vart umiddelbart sett i gang ein leiteaksjon etter mannen. (...) Ca. klokka 15.55 vart mannen lokalisert i sjøen av eit redningshelikopter og heisa om bord. Mannen var bevisstlaus og det vart sett i gang forsøk på gjenoppliving. Livet til mannen stod ikkje til å redde, opplyser operasjonsleiar Dag Olav Sætre i ei pressemelding.

Dei pårørande er varsla av politiet.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags