Opptaket til vidaregåande skule blir endra først året etter fylkessamanslåinga

UTDANNING: Inntaksordninga og inntaksområda som gjeld for Hordaland og Sogn og Fjordane blir vidareført til å gjelde skuleåret 2020/21.

DEL

Det vedtok fellesnemnda 13. mars.

Vedtaket inneber at det første felles inntaket for skulane i dei to fylka først skjer frå skuleåret 2021/22. Det kommande året skal brukast til å sikre ei ny felles inntaks- og formidlingsforskrift for Vestland fylkeskommune.

Vidarefører dagens ordning

Dei fylkesdekkande opplæringstilboda blir det mogleg å søke seg inn til allereie for skuleåret 2020/21 for søkarar frå heile Vestland fylkeskommune.

Vedtaket betyr òg at avtalane for elevar i grenseområda mellom dei to fylka blir vidareført, også til fylka nord og sør for Vestland. Det skal greiast ut om ordninga for ungdomar i grenseområda mellom Sogn og Fjordane og Hordaland skal utvidast til å gjelde fleire elevar i vidaregåande skular, fram til saka kjem til politisk behandling i oktober 2019. Administrasjonen skal sjå på konsekvensene av eit inntak basert på nærskuleprinsippet.

Felles forskrift og høyring

For å sikre ein god prosess i arbeidet med ei felles opptaksordning, er det viktig at saka blir godt opplyst og at interessentar får høve til å uttale seg gjennom høyringar. For å gjennomføre felles inntak for 2021/22, må forskrifta bli godkjent av fylkestinget for Vestland fylke seinast i mars-april i 2020. Dette inneber at høyringsprosessen må starte denne hausten, seinast i slutten av oktober.

Artikkeltags