Marte (18) og Oda (18) ser lyst på fylkessamanslåinga: – Vi blir større og får meir makt

Marte Teigen Refsnes og Oda Medhus

Marte Teigen Refsnes og Oda Medhus Foto:

FYLKESTING FOR UNGDOM: Marte Teigen Refsnes frå Florø og "kollega" Oda Medhus frå Eidfjord ser på samanslåing som noko positivt.

DEL

– Vi blir større og får meir makt, sler dei to jentene fast på fylket sine nettsider.

– Må sikre representasjon frå oss

I helga slo fylkestinga for ungdom i Sogn og Fjordane og Hordaland seg saman til eit felles fylkesting for ungdom i Vestland. Over tre dagar i Bergen møttest 70 ungdommar frå dei to fylka for å etablere ein felles ungdomspolitisk organisasjon i Vestland fylkeskommune. Oda Medhus frå Eidfjord er leiar av ungdommens fylkesutval i Hordaland, medan Marthe Teigen Refsnes frå Florø, er leiar av ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane. Dei blir no til eit felles organ, Vestland ungdomsutval, som i helga vart valt av fylkesting for ungdom Vestland, som er det øvste talerøyret for ungdom i Vestland fylke.

– Vi ser det som ekstremt positivt å slå oss saman, men vi må ta geografiske omsyn, seier Oda Medhus.

– Det vi uroar oss for, er at Sogn og Fjordane skal bli underrepresentert. Vi er mindre og må sikre representasjon frå oss. Men vi trur det skal gå fint, seier Marthe Teigen Refsnes.

– Vi må ta omsyn til geografisk spreiing. Hordaland er større, det bur fleire der, og dei får fleire med. Vi kan ikkje berre ha representantar frå Bergen, Førde og andre større stader, men òg frå utkantane. Vi må unngå sentralisering, seier Oda Medhus.

Medhus og Refsnes fortel at dei alt har samarbeidd i to år med tanke på samanslåing.

– Dette er spennande og historisk. Vi har funne felles løysingar og satsar på det som fungerer. Vi har funne den gylne middelveg mellom det vi har gjort i begge fylka, seier Medhus og Refsnes.

For dyrt å reise til Bergen

Det er mange felles saker i dei to fylka som slår seg saman.

– Ei viktig sak for oss er betre kollektivtilbod. Det skal bli lettare for ungdommen å reise i fylket. I dag kostar det til dømes 666 kroner tur/retur å reise Florø–Bergen med båt. Det synest vi er for dyrt. Ungdomskortet til 365 kroner bør gjelde for heile Vestland fylke.

Ei anna sak er eit godt og desentralisert skuletilbod.

– Vi treng skular i distrikta, men det er ei utfording å få ungdom til å søkje seg dit. Alle kan ikkje reise til Bergen eller Førde for å gå på skule. I Sogn og Fjordane har vi minst fråfall og gode karakterar. Det trur vi kjem av at klassane har færre elevar. Eg har ein teori om at elevar trivst betre på ein skule med færre i klassen. Vi må ikkje få store skular i sentrale delar av fylket på kostnad av distriktsskulane.

Begge jentene har likt å vere engasjert i ungdomspolitikk.

– Mange unge er frustrerte og klagar og syt, men ikkje alle er klar over at dei kan gjere noko med det ved å engasjere seg i fylkesting for ungdom. Mange veit ikkje om oss, men her kan vi gjere noko med det vi er opptatt av. Det blir viktig å jobbe framover for å få ungdom til å vere med på å påverke utviklinga i samfunnet. Det er veldig kjekt! Eg har lært meir ved å vere med her i to år enn i samfunnsfagtimane på skulen - og vi blir kjende med mykje folk, seier Oda Medhus.

– Eg trur at engasjement smittar, fleire blir engasjerte og vi får meir makt og innflyting, seier Marthe Teigen Refsnes.

No har fylkestinget for ungdom konstituert seg, laga vedtekter, budsjett og planprogram. Dei har valt leiar og nestleiar, pluss dei sju andre som skal vere med i Vestland Ungdomsutval. No skal dei fungere fram til neste fylkesting for ungdom.

Artikkeltags