Søket avslutta: - Er det ulv i området, vil det skje noko meir

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Fredag 20. juli meinte ei kvinne som kom frå køyrande frå Svelgen at ho såg ulv i krysset på Grov. Fylkesfellingslaget vart umiddelbart varsla og var raskt på plass. Eitt lag var ute og leitte i terrenget, og frå Førde kom det sporhundar. Men leiar i fylkesfellingslaget, Arve Aarhus, seier søket blei avslutta fredag kveld rundt klokka seks.

- Ein må jo ha noko å jobbe med for å halde fram, ein kan ikkje leite blindt. Havet er stort og båten er liten, for å seie det slik, så ein må ha spor å følgje.

- Er ein då sikre på at det ikkje har vore ulv på Grov?

- Det kan ikkje utelukkast, men heller ikkje bekreftast. Det blei ikkje funne veken spor eller biologisk material, det einaste ein har er den synsobservasjonen som blei gjort. Men det som er å forvente, er at om det er ulv i området, så skjer det noko meir. Det kan vere fleire synsobservasjonar, spor eller drepne husdyr som gjer at ein kan jobbe vidare, avsluttar Aarhus.

Artikkeltags