Vogntog bles overende på Måløybrua

DEL

Politiet melde på Twitter like før klokka 14.00 tysdag at eit vogntog har velta på Måløybrua, og at brua som følge av dette er stengd. Ingen vart skadd i ulykka, og naudetatane kom raskt fram til staden.

Det blåste kraftig på brua, så kraftig at det ikkje var forsvarleg å setje i gang med bergingsarbeidet av vogntoget med ein gong. Vogntoget skal ha blitt slept av ein slepebil, og skal ha frakta blomster då den kvelva.

Klokka 15.05 opplyser politiet vogntoget er flytta litt, slik at det er mogleg for naudetatar å passere. Det bles framleis for kraftig der til å setje i gang med berginga.

Artikkeltags