Falsk brannalarm i tunnel i Nordfjord

Av

Agjeldstunnelen mellom Innvik og Loen er stengt etter at brannalarmen gjekk, men brannvesenet fann ikkje noko gale.

DEL

Brannalarmen i Agjeldstunnelen mellom Innvik og Loen var falsk alarm.

Oppdatering klokka 07.20: Tunnelen opna igjen klokka 07.

Det melder Vegtrafikksentralen på Twitter klokka 06.40 tysdag morgon:

«Fv. 60 Agjeldstunnelen mellom Byrkjelo og Stryn er midlertidig stengt. Det har gått ein brannalarm i tunnelen. Brannvesenet er på veg», fortel firda.no.

Agjeldstunnelen er ein av dei nye tunnelane på fylkesvegen mellom Innvik og Olden, som vart i fjor endeleg vart ferdig rusta opp etter mange års kamp.

På Alarmsentralen i Florø får Firda opplyst klokka 06.50 at dei har ein person på veg for å sjekke tunnelen. Det er ikkje meldt om røyk i tunnelen.

Artikkeltags