Kvinne påkøyrd i Strandgata

DEL

Ei kvinne i 40-åra blei påkøyrd i Florø sentrum rundt klokka 12 onsdag føremiddag. Det skal ha skjedd på parkeringsplassen utanfor Kiwi på Ejva. Kvinna var vaken og medviten etterpå. Ho blei køyrd til legevakta for røntgenundersøking, melder politiet på Twitter.

Den kvinnelege føraren av bilen er i 30-åra. Politiet opptok forklaring frå henne etterpå, og det skal ikkje vere snakk om køyring i ruspåverka tilstand.

Det blir oppretta sak.

Artikkeltags