Mangla bremselys, baklys og blinklys, bilen var kravd avregistrert og i tillegg kom bruksforbod grunna dårleg sikra last

DEL

Statens vegvesen har halde trafikkontroll på Rv 5 i Eikefjord i dag. Totalt var 23 køyretøy innom kontrollplassen og av dei vart 12 køyretøy kontrollerte nærare.

Ein førar blir meld til politiet og fekk bruksforbod for manglande bremselys, baklys og blinklys på tilhengaren. Ingen av baklysa på trekkvogna var synlege, og i tillegg var køyretøyet kravd avregistrert grunna manglande etterkontroll av teknisk mangel. Førar fekk og bruksforbod på grunn av manglande sikring av lasta.

Eitt køyretøy fekk bruksforbod på all køyring som er underlagt bestemmelsane om køyre- og kviletid på grunn av manglar med ferdsskrivaren. 

Ein førar fekk skriftleg åtvaring for brot på bestemmelsane om køyre og kviletid.

To køyretøy fekk skriftleg teknisk mangel; eitt for mangel med bremser og eitt for mangel med lys.

Ein førar fekk gebyr for manglande dokument.

Artikkeltags