Mann i 50-åra omkom etter utforkøyring

REDNING: Ein person vart henta opp av sjøen etter ei utforkøyring ved Mekevika. Her sikrar redningsmannskapane dykkaren som er i sjøen ved ulykkesstaden.

REDNING: Ein person vart henta opp av sjøen etter ei utforkøyring ved Mekevika. Her sikrar redningsmannskapane dykkaren som er i sjøen ved ulykkesstaden. Foto:

FLORØ: Ein person vart henta opp av dykkarar, etter at ein personbil køyrde av vegen og i sjøen ved Mekevika på riksveg 5 ved 13.30-tida torsdag.

DEL

Ein bil køyrde i sjøen ved Mekevika, får Firdaposten opplyst hos Alarmsentralen like etter klokka 13.30 torsdag ettermiddag. Bilen var på veg austover i retning Eikefjord då ulukka hende. Bilen køyrde utfor vegen, før den rulla ned i sjøen.

Både ambulanse, brann og politi kom raskt til ulukkesstaden, ifølge vitne. Dykkarar kom til staden der bilen køyrde utfor, og gjorde søk i sjøen. I tillegg stod redningshelikopteret klart i lufta over ulykkesstaden, i tilfelle det vart behov for deira assistanse. I tillegg var redningsskøyta frå redningsselskapet på staden.

Etter eit kort søk i sjøen vart ein mann henta opp frå sjøen av dykkaren. Vedkomande er no erklært død. han var åleine i bilen då ulukka skjedde.

Bilvraket er no heva av redningspersonell.

– Vi veit  førebels ikkje kva som har skjedd. Det vil etterforskinga vidare vise, seier innsatsleiar for politiet, Torbjørn Thue.

Artikkeltags