Bil køyrde ut i elv i Bremanger

Ulykka skjedde ved Olsbøelva på Fv 616.

Ulykka skjedde ved Olsbøelva på Fv 616.

Av

Politiet melder at ein personbil har køyrt i Olsbøelva på fylkesveg 616 i Bremanger.

DEL

Operasjonsleiar Morten Rebnord opplyser at meldinga kom inn til politiet klokka 17.26.

- Bilførar og to passasjerar kom seg ut av bilen ved eiga hjelp. Naudetatane blei varsla og ein politipatrulje var på staden i løpet av kort tid. Dei involverte blei køyrde til Svelgen legekontor for sjekk, men dei ser ikkje ut til å ha fått alvorlege skadar.

To av personane klaga på magesmerter, noko Rebnord tilskriv beltebruk.

Bilen hadde piggdekk. Begge airbagane blei utløyste og bilen er totalvrak.

- Det er svært glatt på staden og ein har varsla lokal entreprenør, avsluttar operasjonsleiaren.

Artikkeltags