Berre tre merknader i storkontroll

FØRDE: 89 tunge og lette køyretøy blei kontrollerte.

DEL

Statens vegvesen hadde kontroll på e39 ved Førde trafikkstasjon måndag kveld og utover natta til tysdag 28. mai.  I nattas kontroll dreia det seg om køyre- og kviletidskontroll, og vektkontroll.

I alt var 89 køyretøy innom kontrollplassen, og 17 køyretøy vart kontrollerte nærmare. Ein førar av ein utanlansk turistbuss vert melde til politiet for brot på reglane om køyre og kviletid . Ein annan førar hadde brukt opp køyretida si og vart pålagt kvile. Begge firma dei to køyrde for vert kalla inn til bedriftskontroll.

Eit utanlansk vogntog fekk bruksforbud på semitralla på grunn av manglar ved bremsene. Ein lastebil fekk bruksforbud grunna for stort overheng til underkøyringshinder. Han ordna opp på kontrollplassen. Ein tilhengar var overlasta på ein aksel og måtte lesse av før han fekk køyre vidare.

To personbilar fekk mangel på lysfeil.

Artikkeltags