Køyrde i 105 km/t i 40-sone - utan lappen og rusa

DEL

Ein mann i tjueåra er tiltalt for å ha køyrt i svært høg hastigheit gjennom Florø sentrum i sommar. Han føretok også fleire farlege forbikøyringar, som gjorde at andre trafikantar måtte vike unna for å hindre ei ulukke.

Det var 4. juni i år at mannen køyrde gjennom Florø sentrum og tilgrensande bustadområde i svært høg fart. Mannen hadde ikkje sertifikat, og blei mellom anna målt til minst 80 km/t i 30-sona, og minst 105 km/t i 40-sona. I tillegg unnlet han å stanse for politiet då dei gjorde teikn om dette.

Han blir også tiltalt for to tilfeller av amfetamin-bruk, samt for å ha brukt narkotika natta før den ekstreme køyreturen.

Artikkeltags