Vegdirektøren: – Eg har mine beste menn og kvinner på vakt for å hjelpe deg

Av

– Planlegg turen din og sjekk meldingar undervegs, seier vegdirektøren.

DEL

Søndag skal mange heim frå påskefjellet, og tradisjonen tru, vil dette medføre både køer og forseinkingar på norske vegar.

– Vi ber folk som skal på farta å ha eit aktivt og bevisst forhold til veg- og føremeldingane. Planlegg turen din og sjekk meldingar undervegs. Gjer ditt for å bidra til ein sikker og smidig trafikkavvikling. Vi vil ha alle trygt fram og tilbake denne påska også, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Vegdirektøren forsikrar at dei skal gjere sitt beste for en god trafikkflyt denne påska.

– Eg har mange av mine beste menn og kvinner på vakt denne påska for å hjelpe deg trygt fram og tilbake. Vi delar riktig og oppdatert informasjon med trafikantane fortløpande. Slik får bilistane beskjed om kødanningar, hindringar og anbefalte omkøyringsvegar, sier Gustavsen.

Det har til tider vore lange køar på ferjestrekninga Lavik-Oppedal, elles har det ikkje vore meldt om særskilte problem i trafikkavvlikinga.

Relevante trafikkmeldinger for Sogn og Fjordane:
 

Rv 13 - Vikafjellet

Bart og vått. Klokka 06:00 var det 3 grader, stille og lett regn.

Ev 16 - Filefjell

Bart. Klokka 05:30 var det 3 grader, svak vind, skya og oppholdsvær.

Rv 15 - Billingen bom - Ospeli, på strekningen Strynefjellet

Bart. Klokka 05:45 var det 2 grader, sørleg flau vind og skya.

Rv 52 - Hemsedalsfjellet

Bart. Klokka 05:30 var det 5 grader svak vind, skya og opphaldsvær

Rv 55 - Dragsvik - Hella

Midlertidige endringar i rutetabellen på grunn av vedlikehaldsarbeid.

1) Avgang Dragsvik-Hella kl. 06.55 utgår, erstatta med avgang frå Balestrand-Hella kl.06.50. 2) Ny avgang frå Dragsvik-Hella kl. 20.30 (avgang kl.20.35 utgår). 3) Avgang Hella-Dragsvik kl. 20.50 utgår,ny avgang blir frå Hella til Balestrand kl.20:45

Fv 55 - Sognefjellet i Sogn og Fjordane

Nattestengt i periodene: Alle dagar fra 20:00 til 08:00 (neste dag)

Kilde: Statens vegvesen

Artikkeltags