Køyrde for fort - må greie seg utan lappen

DEL

Ein mann frå Flora i starten av tjueåra må greie seg utan førarkort, etter at han vart teken i å køyre for fort på rv 5. Det er påtalemyndigheita som har bede om at mannen sitt førarkort blir beslaglagt inntil saka mot han kjem opp.

Det var i byrjinga av mars at bilen han køyrde blei observert av ein politipatrulje på Klavelandet. Patruljen køyrde etter bilen fram til dei fekk stoppa han, og dei to betjentane seier politibilen hadde ei hastigheit på mellom 140 og 150 kilometer i timen då dei følgde etter mannen over ei strekning på vel 4,5 kilometer. Mannen sjølv meiner han ikkje var over 100-110 kilometer i timen.

Dommaren avgjorde at påtalemyndigheita kan halde førarkortet til mannen beslaglagt inntil saka mot han er endeleg avgjort, men ikkje lenger enn til 14. juni.

Artikkeltags