Med hjartet i halsen i Sundafjelltunellen

To syklistar utfordrar skjebnen i Sundafjelltunellen

To syklistar utfordrar skjebnen i Sundafjelltunellen Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Syklistar syklar gjennom Sundafjelltunellen med hjartet i halsen. Nå vil Sykkelbyen ha tiltak på plass for å gjere tunnelen tryggare for syklistane.

DEL

Skal du sykle frå Eikefjord til Florø har du ikkje noko anna val enn å tråkke deg gjennom Sundafjelltunellen. Det er ikkje utan risiko. Tunellen er ikkje tilrettelagt for syklistar, det er smal vegbane, dårleg dekke, ingen vegskulder og med uoversiktlege strekningar. Det er dessutan dårlege lysforhold, og viftene i taket lagar så mykje støy at ein ofte ikkje høyrer bilane før dei susar forbi. Ein skal rett og slett vere ein litt over gjennomsnittet dedikert syklist for å legge turen gjennom denne tunnelen. Risikoen for at det oppstår utrygge situasjonar i møte med bil, buss eller tungtransport er høg.

Blinkande lys

Florø Cykleklubb brukar strekka Florø-Eikefjord til trening nesten kvar dag, og har lenge meint at noko må gjerast. Dei har tidlegare foreslått for Statens vegvesen at det installerast eit varslingssystem lik det dei har i Mundalsbergtunnelen på E39 i Lindås i Hordaland. Der er det sette opp eit varslingsskilt med blinkande lys, der syklistar som skal gjennom tunnelen kan trykke på ein knapp før dei syklar inn. Då blinkar varslingslysa i ei periode slik at bilistane kan sjå at nå er det syklist i tunnelen. Dette fekk dei avslag på, men nå har Sykkelbyen Florø og Flora kommune overtatt saka. I eit brev til Statens vegvesen region Vest ber dei om bistand til vurdering av tiltak for å trygge tunnelen for syklistar. Eit av tiltaka dei foreslår er nettopp det som sykkelklubben fekk avslag på.

Foto: Alf Holdhus/Statens vegvesen. Slik ser varslingssystemet for syklistar i Mundalsbergtunnelen ut.

Foto: Alf Holdhus/Statens vegvesen. Slik ser varslingssystemet for syklistar i Mundalsbergtunnelen ut.

Har vurdert gamlevegen

I brevet skriv spesialrådgjevar for samferdsel i Flora kommune, Einar Atle Årdalsbakke, at dei har vurdert å ta i bruk den gamle vegen som går på utsida av tunnelen, men at det ikkje er å anbefale grunna rasfare. Vegen treng og å sikrast, og oppgraderast, og det vil koste betydeleg med pengar. I staden lanserer dei løysinga frå Mundalsbergtunellen, fareskilt nr. 144 (syklande) med varslingssystem, i kombinasjon ved kvitmåling av tunellveggane, som eit godt alternativ. Eit tredje alternativ er å gjere vedtak om sykling forbode, men det er ikkje ønskeleg. Flora kommune og Sykkelbyen Florø ønsker å finne løysingar som er gode og trygge nok til at syklistane kan ferdast igjennom Sundafjelltunellen. Dei vil ikkje gjere vedtak som hindrar fri ferdsel med sykkel gjennom tunnelen.

Kva Statens vegvesen har å seie om situasjonen får vi ikkje vite før ferien er over og folk vender tilbake til jobb.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken