Køyrde ned lyktestolpe i Svelgen

Føraren er køyrd til lege for sjekk.

DEL

Ein bil har treft ein lyktestolpte i Gunnar Schjeldrupsveg i Svelgen.

– Ein bil køyrt ut og treft ein lyktestolpe. 07.18 kom meldinga til oss, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

Han fortel at det var ein person i bilen, og at det ikkje er mistanke om promille.

– Føraren er køyrd til legevakt for sjekk. Straumen er kopla frå, og det er mannskap på veg for å reparere skaden. Stolpen blei liggande utanfor vegen, så det er passasje på staden, seier Rebnord.

Artikkeltags