Silisium frå Svelgen er på veg inn på ein ny marknad

Minst 30 prosent kan silisium auke effekten av batteri med, i følgje forskarar frå NTNU.

Minst 30 prosent kan silisium auke effekten av batteri med, i følgje forskarar frå NTNU.

SVELGEN: Silisium kan nemlig auke rekkevidda på batteri i til dømes elbilar.

DEL

Det har forskarar frå NTNU komme fram til, i samarbeid med Elkem.

Og det er snakk om ei auka rekkevidd på opp til 15 mil, i følgje NTNU-professor Ann Marie Svensson. Ho seier det går føre seg ein liten revolusjon i bransjen og viser til at silisium er lett, medan batteripakken til elbilar per i dag er veldig tung.

– Ein jobbar heile tida med å få vekta ned, seier ho til NRK Sogn og Fjordane.

Direktør Arne Werge Olsen seier etterspurnaden allereie er stor.

– Difor trur vi potensialet er stort.

Frå før blir silisiumet brukt i til dømes smartelefonar og solceller. No kan bruksområdet bli utvida til ein marknad som i åra framover berre vil bli større og større.

– Vi har mange ferjer som brukar slike batteri, og det har byrja å komme i små fly. Etter kvart også i tog og bussar, seier Svensson.

Og så langt i år har 43 prosent av salet av nye bilar vore elektrisk, samstundes som 21 prosent oppgir manglande rekkevidd som argument for ikkje å kjøpe elbil.

Artikkeltags