Straumen var borte store delar av helga: – Det er vi på bygda som får svi kvar gong

Steinar Svardal miste, saman med resten av Stavang og nabobygdene, straumen i mange timar i helga; først frå fredag kveld til laurdag føremiddag, deretter i mange timar søndag. Han mistenker at grisgrende strok kjem bakerst i køa når det gjeld vedlikehald av straumlinjene.