Dømd for narkobruk, ruskøyring og brot på våpenlova

DEL

Ein mann i 30-åra busett i Flora vart nyleg dømd for fire tilfelle av oppbevaring og bruk av narkotika, samt til saman tre tilfelle av køyring utan førarkort og ruskøyring. I tillegg var han sikta for å ha oppbevart ein slåsthanske og for å ikkje ha oppevart ammunisjon forsvarleg nedlåst.

Retten kom fram til at forholda knytte til køyring utan førarkort, brot på våpenlova og eigen bruk av narkotika isolert ville ha kvalifisert for bøtestraff, medan ruskøyringa normalt gir bot og fengsel utan vilkår. Eitt av tilfella av køyring utan førarkort ville mannen ikkje vedkjenne seg, og dette vart fråfalle av politiet. Elles tilsto han utan atterhald.

Mannen er tidlegare straffa for narkotikalovbrot fleire gongar, og det gjorde at straffa vart noko skjerpa, trass i det formildande i at mannen tilstod, og i at nokre av punkta ligg nesten tre år tilbake i tid.

Etter at retten hadde gjort sine vurderingar, landa dei på at mannen vart idømd ei straff på fem månader, der 75 dagar vart gjort på vilkår med ei prøvetid på to år, pluss at han må betale ei bot på 50.000 kroner.

Artikkeltags