Fylkesmannen melder om auke i saker om skulemiljø

Trondheim  20171009.
Elever og lærer i klassesituasjon på barneskole. 
Modellklarert.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Trondheim 20171009. Elever og lærer i klassesituasjon på barneskole. Modellklarert. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Foto:

DEL

Frå 1. august 2017 kunne elevar melde mobbesaker direkte til Fylkesmannen. Ved årsskiftet hadde ein ferdigbehandla 12 saker. Dei fleste av meldingane gjeld ikkje systematisk mobbing over tid.

Det som går att er situasjonar som vert opplevde som trakassering, dårlege relasjonar mellom elev og lærar eller mellom elevar.

Det er i hovudsak føresette som melder inn sakene, og ein ser at i dei fleste tilfelle er samarbeidsklima mellom skule og heim dårleg og tillitsforholdet svakt.

Dei 12 sakene fordelar seg slik: Fire vart avviste hos Fylkesmannen, og to er framleis under behandling ved årsslutt. I seks av sakene finn Fylkesmannen at skulen har brote aktivitetsplikta.

I første halvår av 2017 kom det inn ni saker, medan ein i 2016 hadde berre to saker, mot elleve i 2015, vert det opplyst på fylkesmannen sine nettsider.

Det vil seie at for 2017 totalt kom talet opp i heile 21 saker. I tillegg hadde ein fleire meldingar og spørsmål på området, som ikkje er saker, men som gjeld elevar sitt skulemiljø. I desse tilfella har ein rettleia og i nokre tilfelle følgt opp mot skuleeigar, opplyser Fylkesmannen på sine nettsider.

Artikkeltags