SFE-nettet: Halvrotne stolpar, lause leidningar og reparasjonar som tek månadsvis

REDALSGREND: SFE si høgspentlinje i Redal er i så dårleg forfatning at mange av stolpane ikkje kan klatrast i av linjemontørane. Ein stad ligg jordinga og sleng laust på bakken. I Standal surra SFE ein straumførande lågspentleidning fast med eit tau – og let det stå slik i 11 månader til Firdaposten skreiv om saka.