Vinden vil halde ekspressbåtane ved kai i ettermiddag

VÊR: Det er berre skalke lukene i dag, tysdag.

DEL

I går sende Metorologisk institutt ut farevarsel langs kysten, heilt frå Kristiansund til svenskegrensa: Først og fremst vil tysdagen by på kraftig vind, som kan komme opp i storm styrke og det vil komme mykje nedbør, som regn i låglandet, som snø i fjellet. Allereie frå klokka elleve i dag seier yr.no at vinden kan nå liten storm på Ytterøyane fyr.

Og det er nok varselet om sterk vind som ligg til grunn når Norled allereie måndag ettermiddag sende ut varsel om at sørgåane ettermiddagsbåt med start i Selje klokka 15.20, samt nordgåande rute frå Bergen med start 16.30, ikkje vil gå.

Når det gjeld avgangen frå Bergen til Sogndal som også brukar å gå klokka 16.30, vil den bli framskunda til klokka 12.30.

Så langt har verken fly eller helikoptertrafikk meldt om endringar i oppsette ruter som følgje av vêrvarselet.

Artikkeltags