Får du ny adresse?

Sør i Havreneset sett frå nord. Gunhildvågen, Klubbevika, Industrivegen Mikke Musen. Flyfoto av Dag Nesbø Frøyen

Sør i Havreneset sett frå nord. Gunhildvågen, Klubbevika, Industrivegen Mikke Musen. Flyfoto av Dag Nesbø Frøyen Foto:

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Arbeidet med adressendringar, slik det vart vedteke i adresseplan for Flora kommune vert no ferdigstilt. Det vil seie at bustader, fritidsbustader og næringsbygg med matrikkeladresse får vegadresse og husnummer.

Les også Kommunen treng over 100 nye vegnamn.

I kommunen sin kartportal er det lagt inn ein kartbase som viser planlagde adresser. For å sjå di adresse, hukar du av i boksen "planlagde adresser" under kartutvalet. Dersom du har noko på hjartet angåande di adresseendring, har du rett til å uttale deg. Denne uttaleretten er knytt til kva veg du har fått adresse i, og eventuelt kva adressenummer du får.

- Dette er fase to i arbeidet. Allereie i 2015 fekk fekk alle vegane namn, og no er tida inn for å ferdigstille adressering av hus. Vi har fått litt forseinkingar i framdrifta grunna ressursmangel, men er no klare til å fullføre arbeidet. Vi tek sikte på å vere ferdige til påske, opplyser Anne Berge Bjørnseth, fagleiar kart og oppmåling hos Flora kommune.

Dei aktuelle eigedomane som får ny adresse vil bli underretta per brev.

Artikkeltags