Redningshelikopteret frå Florø redda kvinne i Leikanger

Kvinna forstua ankelen og kom seg ikkje ned frå fjellet

DEL

Hovudredningssentralen i Sør-Norge fekk melding om kvinna klokka 20.00.

– Ei kvinne er skårfast ved Seljeskredfjellet med forstua ankel. Ho er inne i eit skogterreng, difor er det lettare for eit redningshelikopter å hente ho, seier redningsleiar, Edvard Middelthon.

Han trur ikkje ho er der åleine.

– Det skal vere bratt og utilgjengeleg der ho er. Det er 700 meter over havet, seier han.

Redningshelikopteret frå Florø er på veg.

Klokka 21.37 informerer redningsleiar Andreas Bull at kvinna er henta ned frå fjellet og at redningsaksjonen er avslutta.

– Enten blir ho undersøkt i Leikanger eller så tek dei ho med seg til Førde for ein eventuell røntgenundersøking, seier han.

REDNINGSAKSJON: Helikopterer er framme i Leikanger. Bilde blei tatt ca. kl. 21.15.

REDNINGSAKSJON: Helikopterer er framme i Leikanger. Bilde blei tatt ca. kl. 21.15. Foto:

Artikkeltags