Tre enda på legevakta i Måløy

POLITINATTA: Litt forskjellig å ta tak i for politiet i natt.

DEL

I Måløy vart det i natt meldt om slåsting utanfor ein utestad i sentrum. Det skal ha vore fem-seks stykker som slåst, og politiet opplyser på Twitter at tre av dei vart tekne med til legevakten for ein sjekk.

Det vart også meldt om slåsting i Storehagen i Førde, men der var det roleg då politiet kom til staden.

På Sandane køyrde ein bil først i fjellveggen fredag kveld. Dei to som var i bilen kom seg raskt ut og sa seg uskadde. Dei blei likevel tekne med til legevakt for sjekk. Nokre timar seinare fekk ein bil vassplaning, sklei ut i grøfta og inn i ein mur. Også dei tre i denne bilen skal ha komme frå det utan skadar.

I Stryn fekk politiet melding om vinglete køyring. Bilføraren vart stansa og framstod som alkoholpåverka. Dermed vart han teken med for blodprøvetaking.


Artikkeltags