Fire parti er einige om kven som skal ha Kinn-makta

Ola Teigen valvake Kinn-valet 2019

Ola Teigen valvake Kinn-valet 2019 Foto:

POLITIKK: Etter mykje fram og tilbake er konstellasjonen som skal styre Kinn kommune på plass.

DEL

I møte måndag 16. september blei forhandlingsleiarane i partia Ap, Sp, MDG og SV einige om ein felles samarbeidsavtale, som gjer Ola Teigen (Ap) til Kinns første ordførar, med Sidsel Kongsvik (Sp) som varaordførar.

Avtalen skal no tilbake til dei fire partias partigrupper, der både det politiske innhaldet og fordeling av verv og ansvarsområde skal forankrast og godkjennast i gruppene.

Samarbeidsavtalen inneheld gode politiske fellesløysingar som de fire partia er einige om å ha fokus på under bygging av den nye Kinn kommune. Det å slå saman tidlegare Flora kommune og Vågsøy kommune, må ha høgste prioritet, heiter det i ei pressemelding frå partia.

Vidare heiter det at "Partia er samde i å saman bygge ein slagkraftig og framtidsretta kystkommune, basert på klima- og miljøriktige prinsipp og der det skal vere mogleg å leve det gode liv i heile kommunen."

Firdaposten kjem tilbake med meir.

Artikkeltags