Felles Kinn-styre på plass i Sp

Styret i Kinn Sp. F.v. Tom Andre Hopalnd, Nils Myklebust, Fredrik Egeberg, Henriette Skaar, Sander Solheim og Ole Christian Rynning. Jon Valur Olafson og Tove Skudal var ikkje til stades.

Styret i Kinn Sp. F.v. Tom Andre Hopalnd, Nils Myklebust, Fredrik Egeberg, Henriette Skaar, Sander Solheim og Ole Christian Rynning. Jon Valur Olafson og Tove Skudal var ikkje til stades. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Men Flora og Vågsøy består kvar for seg til 1. januar 2020.

DEL

Måndag denne veka hadde Kinn Senterparti sitt første styremøte, der det vart konstituert eit styre som skal ha det overordna ansvaret for valkampen, og for å stille liste til kommunevalet neste år.

- Flora og Vågsøy Sp held fram som sjølvstendige lag fram til 1. januar 2020, men vil vedta på sine respektive årsmøte å gå inn i Kinn Sp, opplyser nestleiar Sander Solheim.

Det nye styret i Kinn Senterparti består av Nils Myklebust, Vågsøy (leiar), Sander Solheim, Flora (nestleiar), Henriette Skaar, Vågsøy (kasserar) og Jon Valur Olafsson, Flora (styremedlem). Varamedlemmer blir Ole Christian Rynning og Tove Skudal frå Flora og Fredrik Egeberg og Tom Andre Hopland frå Vågsøy.

Artikkeltags