Ein person i arrest etter vald og promillekøyring

DEL

I Førde sit ein person i arrest mistenkt for vald og promillekøyring.

Det var klokka 21.35 torsdag kveld at politiet fekk melding om ei valdshending i Askvoll, der mistenkte køyrde frå staden.

Vedkommande blei pågripen seinare på kvelden og sett i arrest i Førde. Personen skal no avhøyrast, opplyser politiet.

Det blei skrive ut eit forenkla førelegg klokka 15.26 i går på på Bjørnset då ein bilførar vart målt til 95 kilometer i timen i 80-sona.

Artikkeltags