Leiteaksjonen avblåsen

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det er høyrt rop om hjelp.

DEL

Det starta dramatisk, men enda heldigvis godt for mannen som fall i sjøen frå ein lektar på morgonkvisten måndag.

Det blei slått full alarm i sjutida måndag morgon, då folk  i sentrum av Florø høyrde høglydte rop om hjelp frå området mellom Gaddholmen og Florø sentrum.

Men heilt nøyaktig kvar ropa kom frå, kunne ingen seie, og i morgon-mørkret var situasjonen uoversiktleg. Då ingen person blei lokalisert med det første, valde politiet likevel å ta grep.

Rekvirerte helikopter

- Vi tok beslutninga om å setje i gong ein leiteaksjon saman med Hovudredningssentralen, fortel operasjonsleiar Kai Henning Myklebust.

Dermed vart både redningshelikopter og to båtar med politipersonell sett inn i søket i området der ein hadde høyrt topa om hjelp. Søket pågjekk i cirka halvannan time før det blei avblåst.

Mann overbord

Rundt klokka halv ni blei det heile oppklart, og leitinga kunne stoggast. Det viste seg å vere ein person som hadde falle ned i sjøen mellom ein båt og ein lekter i Florø som hadde ropt om hjelp, og som publikum på heilt korrekt vis hadde meldt vidare til politiet.

Artikkeltags