Førebels obduksjonsrapport er klar

SPERRA AV: Området kring eigedommen der ein person vart funnen død 2. juledag, vart sperra av politiet. Den omkomne og funnstaden har inga kopling, melder politiet.

SPERRA AV: Området kring eigedommen der ein person vart funnen død 2. juledag, vart sperra av politiet. Den omkomne og funnstaden har inga kopling, melder politiet.

FLORØ: Politiet har no avhøyrt fleire vitne etter dødsfallet i Gunhildvågen i Florø.

DEL

2. juledag vart ein mann i 40-åra funnen død utandørs i Gunhildvågen i Florø.

Tenestestadsleiar Wenke Hope seier politiet har avhøyrt fleire vitne, men at ingen av dei har vore til stades under dødsfallet eller kan seie noko detaljert om omstendigheitene då mannen døydde.

– Kva slags etterforsking er elles blitt gjort?

– Det har vore vitneavhøyr og åstadsundersøking, og det har vore utført obduksjon.

– Kva seier den?

– Vi har fått ein førebels obduksjonsrapport, men eg kan ikkje seie noko nærare om dødsårsaka. Det eg kan seie, er at det ikkje er grunn til å tru at mannen var utsett for noko kriminelt.

– Veit de kor lenge mannen hadde lege då han vart funnen 2. juledag?

– Vi veit det ikkje eksakt, men vi veit at folk var i kontakt med han 1. juledag.

– Kva skjer vidare framover?

– No må vi avvente den endelege obduksjonsrapporten, avsluttar Hope.

Artikkeltags